Denne Armeria juniperifolia har eg hatt i hagen i fleire år. Syns den er veldig tett og fin. Men vinteren i år har vert mild og fuktig, noko som sansynlegvis er årsaka til at heile planten har blitt invadert av ein slags sopp.
Soppen står tett i tett.
Er det nokon som veit kva art sopp det er snakk om?
Eg har hatt hagen her sida juli 2004. Då vi kjøpte huset var det bare høgt gras på heile tomta. Litt etter litt har eg ordna til blomsterbed og planta inn fine og spanande arter frå heile verda. Denne bloggen vil for det meste vere ein blogg som viser bilete frå hagen min gjennom året. For meir bilete sjå http://home.no.net/oddane