lørdag 24. mai 2008

Gul Pulsatilla

Denne har eg sådd frå frø, men namneskiltet har kommet bort. Nokon som veit kva art det er?

søndag 18. mai 2008

På flyttefot - bilete frå den nye hagen





Det er heller dårleg med oppdatering på hagebloggen for tida. Grunnen er at eg prøver å selge huset og hagen (snufs snufs) og tida har gått med til å grave opp alle plantane eg ville ha med meg til den nye hagen. Har erstatte plantane med store mengder hosta og sibiriris som eg har fått av Svein Erik. Trea har eg erstatta med syrin. Frukttrea står. Alikevell trur eg nok det er mykje spennande stauder igjen å finne for den som kjøper huset.

Den nye hagen er over dobbelt så stor som den eg har nå, og det renner ein naturleg bekk gjennom som deler hagen i to. Hagen passer godt til mine favoritter som er blåveis, Cypripedium, bregner og andre woodlandplanter. Meir kjem etter kvart som eg får overta.

lørdag 17. mai 2008

Arisaema


Her er årets to fyrste Arisaema. Den fyrste trur eg er A. triphyllum og den andre er A. sikokianum. Tøffe og spesielle planter.

torsdag 1. mai 2008

Anemone nemorsa og A. ranunculoídes

Samlet inn de ulike kvitveisene som blomstret i hagen i dag. Mange flotte. Den gule er gulveis og den svovelgule er ein krysning mellom kvitveis og gulveis.

tirsdag 8. april 2008

Blåveiser (Hepatica nobilis)

Endeleg begynner H. n.'Kurvinberg' så smått å blomstre. Har venta i heile vinter :-)


H. n. pyrenaica


H. n. ' Alba'

Hundetannliljer (Erythronium)


Knollen til hundetannlilja kan minne om ei hundetann, derav namnet. Det fyrste bilete viser E. japonica mens den andre veit eg ikkje namnet på. Får legge ut nytt bilete av den når den blomstrer.

fredag 21. mars 2008

Hepatica nobilis 'Indigo'

Så kom det frost og snø igjen... Det er var tidlegare i uka meldt 10 minus natt til søndag. Heldigvis ser det ikkje ut til å bli fullt så gale. Men for sikkerhetskuld har eg strekt fiberduk over ein del av beda. Typiske vårplanter tåler godt litt frost, men den milde våren har lokka fram meir ømfintelege planter som Cypripedium også.

Armeria juniperifolia med sopp

Denne Armeria juniperifolia har eg hatt i hagen i fleire år. Syns den er veldig tett og fin. Men vinteren i år har vert mild og fuktig, noko som sansynlegvis er årsaka til at heile planten har blitt invadert av ein slags sopp.

Soppen står tett i tett.

Er det nokon som veit kva art sopp det er snakk om?

søndag 16. mars 2008

Krokus i vårsola

Krokusane har hatt ein elendig sesong i år. Lite sol har ført til at bare eit fåtal har fått anledning til å opna seg. I staden for at dei står ”uopna” ute i regnveret har det ofte blitt til at eg lager små krokusbukettar og tar med inn. Det er ikkje mange minutta i vase som skal til før dei opnar seg. Men i dag skein sola og krokusane stod fine ute i hagen :-)

Crocus x reticulata

Crocus minimus

fredag 14. mars 2008

Primula marginata

Nå er det liv i hagen :-) Det spirer over alt. Denne primuaen har blomstra ei tid nå. Litt spesiell med dei tanna blada og den lange "stammen".

lørdag 23. februar 2008

Cyclamen coum


Regn regn regn. En regnvåt Cyclamen coum trasser det triste véret.

lørdag 16. februar 2008

Hassel (Corylus avellana)


Hassel Corylus avellana i blomst i Kleppelunden.

mandag 11. februar 2008

Snøklokke

Snøklokkene er i full gang i hagen nå. Eg er veldig spendt på alle dei ulike sortene eg kjøpte i fjor. Ser at ein del kjem til å blomstre i år, men nokre må eg nok vente eit år til på for å få sjå dei i blomst. Trur snøklokker må vere min favorittblomt.

fredag 8. februar 2008

Colchicum luteum

Ja kva gjere det med regn og gråvér når denne plutseleg står og skinner i hagen :-) Fantastisk fin gulfarge.

lørdag 2. februar 2008

Snø i dag

Ein Hepatica nobilis pyrenaica hadde akkurat fått så lang stilk at den kom seg over snøen :-)

Kaktus Opuntia polyacantha klarer seg bra ute i hagen, og etter veksten å dømme ser det ut til at den trives godt også. Riktig nok står den inntil den mest solfylte veggen, men får alikevel kjenne det norske klimaet. Vinterstid ser den litt slapp ut, men så snart våren kjem så blir den fin og trinn igjen. Opprinneleg kjem den frå Amerika og skal tåle temeraturar ned til - 20'C

torsdag 31. januar 2008

Crocus laevigatus

Crocus laevigatus blomstrar normalt i slutten av desember til ut i januar. "Problemet" med denne er det dårlege veret. Dette året har eg ikkje fått sett blomane utsprunge, då dei bare opnar seg i sol - noko som det har vert lite av denne vinteren. Nå synger dei på siste verset, men fine har dei vert sjølv om dei ikkje har opna seg.

mandag 28. januar 2008

Cyclamen hederifolium

Nokre planter er nesten finast utan blomster på grunn av dei har så fint bladverk. Alpefiol, Cyclamen hederifolium, hamner ikkje heilt i den kategorien då den i tillegg til det flotte marmorerte bladverket også har fantastisk flotte blomster. Eg kjem tilbake med bilete av dei når den blomstrar ein gang i november (!). Alpefiolen har ein uvanlig livssyklus, då den er grøn om vinteren, nedvisna om sommaren og blomstrar på hausten. Dette er ein tilpassing til det dei tørre somrane som er i middelshavslanda der den opphavleg kjem frå.

Blåveisknopper klar for vår

Eg er spesielt spent på blåveisane i år, då eg fekk fleire nye sortar i løpet av sommaren 2007. Kikkar på dei med jamne mellomrom for å sjå om det er liv i dei - og det er det :-)

Primula

Var ute ein tur for å sjå kva som blomstra og var på veg opp jorda i hagen. Faktisk var det fleire artar som blomstra, men denne Primulaen var kanskje den største overraskinga. Det er ikkje så uvanleg at Primulaen blomstrar med enkeltblomster gjennom nesten heile året, men det er første gang eg har sett denne varianten med blomst i januar :-)